SmartPark+ vert utfasa

Siste dato for påfylling er 30. november

Voss Parkering - Nortronic Smart Park 2

Tenesta vert stengt natt til 1. nyttårsdag

Leverandøren vår har tidligere i år varsla Voss Parkering om at SmartPark+ tenesta vert stengt ned i løpet av 2024.

Nyleg har me fått ny informasjon om at tenesta vert stengt allereie 1. januar. Dette får konsekvensar for deg som brukar SmartPark+.

Kan eg fylla på brikka?

Ja, du kan fylla på brikka i november månad. F.o.m. desember er det ikkje lenger høve til å fylle på brikka, men me utfører "SERVICE" på brikka fram til nyttår. Me rådar til å byte ut batteriet i brikka, og at du kjem innom kontoret vårt for å oppdatere klokka innan romjula. Brikka brukar 3V knappebatteri av typen CR2032.

Kan eg framleis bruka brikka?

Ja, enn så lenge kan du bruke brikka i 2024. Over nyttår er du sjølv ansvarleg for at brikka alltid har straum, og me rådar til at batteriet vert bytt innan romjula for at brikka ikkje mistar straumen. Brikka brukar 3V knappebatteri av typen CR2032. Mistar brikka straum og får "SERVICE" melding over nyttår, er det ikkje lenger mogleg å hente ut kor mykje saldo som er på brikka og beløpet må reknast som tapt.

Kan eg levere inn brikka?

Ja, det kan du. Har brikka restsaldo vert dette betalt tilbake til oppgjeven bankkonto viss du er privatkunde, eller fakturagrunnlag vert sendt til bedriften. Har ikkje brikka restsaldo vert brikka sortert som e-avfall, og det er ikkje naudsynt å levere brikka inn til oss. Brikke med "SERVICE" melding over nyttår vert rekna som brikke utan restsaldo.

Sjølve brikka er kjøpt og betalt av eigaren, og prisen for brikka vil ikkje verte refundert.

Korleis skal eg betala for parkering framover?

Alternativ for betaling som me har i dag er:
 - EasyPark app
 - EasyPark SMS
 - EasyPark telefon (parkofon)
 - Parkeringsautomat

Me rådar til å bruka EasyPark appen, som kan brukast på fleire stader enn berre Voss. (Inkludert fleire land i Europa)

For bedrifter tilbyr EasyPark ei bedriftsløysing ved bruk av app for direkte fakturering til bedriften. Kontakt EasyPark for meir informasjon om dette.

Som eit alternativ kan bedriftar bruka SMS løysinga, som vil belasta arbeidstelefonen sin telefonrekning direkte. Registrering som kunde hjå EasyPark er ikkje naudsynt.

For detaljar om korleis du brukar dei ulike alternativa, sjå nedanfor eller kontakt oss for rettleiing og opplæring.

Du kan også bruka SmartPark+ brikka så lenge den har saldo, og straum på seg.

EasyPark appen

Me tilbyr opplæring på kontoret vårt viss du har trong for det. Sjå kontaktinformasjon på botn av denne sida.
Me hjelper deg også med å koma i gang med appen og få alt på plass. Målet vårt er at alle skal kunne vere med.

Last ned appen til telefonen din med lenka nedanfor og følg instruksjonane til EasyPark.

Vel parkeringsområdet du har parkert på i frå lista nedst i appen, eller ved å skrive inn områdekoden øvst i appen. Koden står på parkeringsautomaten, eller på annan skilting på parkeringsområdet.

Får du spørsmål om kort- eller langtidsparkering vel du den som passar best. Langtidsparkering kan vere eitt døgn og meir. Du kan og bruka korttidsparkering over fleire døgn der det er tillete å parkere i lenger tid. (På Android telefonar heiter desse "Besøksparkering" og "Periodebillett".)

Korttidsparkering/Besøksparkering:

Snurr på det rosa hjulet for å stille inn klokka så lenge du ynskjer at billetten skal vare. Før du trykker start parkering, sjå at registreringsnummeret oppe til venstre er heilt riktig, og så kan du trykke start parkering. Appen skal då gje melding "Parkering startet".

Med EasyPark kan du leggje inn rikeleg med parkeringstid, meir enn du har trong for. Du kan nemleg stoppe parkeringa når du er komen att til bilen og då berre betale for tida bilen faktisk har vore parkert, på same måte som med SmartPark+ brikka.

Alle parkeringar på same dag vert samla saman, og VISA/Mastercard kortet, Vipps eller telefonreknings vert belasta på slutten av dagen.

Langtidsparkering/Periodebillett:

1. Velg fyrst kor mange dagar parkeringa skal vara frå lista.
2. Vel korleis du vil betala for parkeringa.
3. Sjå at rett registreringsnummer er valt.

Trykk "fortsett", og sjå over at parkeringa du har lagt inn er som ynskt (lengde, registreringsnummer, betalingsmåte) - og fullfør med "kjøp" knappen.

Langtidsparkeringar vert lagra i menyen i EasyPark appen under "Mine parkeringer" og "Pågående", og visar ikkje på framsida sånn som korttidsparkeringar med "hjulet" gjer. Her har du også høve til å bytta reg.nr viss det skulle vere noko feil.

Langtidsparkeringar vert belasta med ein gang og kan ikkje avsluttast sånn som korttidsparkeringar kan.

Skal du forlenga langtidsparkering kan du kjøpa ein ny dag på same måte som ovanfor. Då vert parkeringa "lagt i kø" og startar når den noverande parkeringa går ut på tid. Pass på at du vel same bil, elles vert den ikkje "lagt i køen" og startar med ein gang.

Skaff deg EasyPark appen

EasyPark SMS

Me tilbyr opplæring på kontoret vårt viss du har trong for det. Sjå kontaktinformasjon på botn av denne sida.
Målet vårt er at alle skal kunne vere med.

For å bruka EasyPark må du ikkje ha smarttelefon. Det er nok at telefonen kan senda vanleg melding. Fordelane med SMS tenesta er dei same som ved bruk av app.

Telefonabonnementet ditt må tillata sending av meldingar som kostar pengar. Kontakt telefonoperatøren din viss du er usikker på om abonnementet ditt tillet dette.

For å betala parkering med melding, skriv områdekoden til parkeringsplassen og bilen sitt reg.nr og send meldinga til nr 2410. 

Til dømes:
6300 TF12345

Om kort tid får du stadfestande melding frå EasyPark om at parkeringa er starta. Får du ikkje denne meldinga er ikkje parkeringa starta.

Hugs mellomrom mellom områdekoden og regnummeret. Regnummeret skal ikkje ha mellomrom i seg.

Områdekoden finn du på parkeringsautomaten i nærleiken av parkeringsplassen eller trykk her for ein oversikt.

Når du er ferdig å parkere sender du STOPP til same nummer for å stoppa parkeringa. Då betalar du berre for så lenge du faktisk har parkert, på same måte som med SmartPark+ brikka.

Det er viktig å sende STOPP melding sidan SMS parkering startar parkering med maksimal parkeringstid.

EasyPark "parkofon"

Me tilbyr opplæring på kontoret vårt viss du har trong for det. Sjå kontaktinformasjon på botn av denne sida.
Me hjelper deg også med å oppretta konto hjå EasyPark og få alt på plass. Målet vårt er at alle skal kunne vere med.

Du kan og ringja med telefonen for å starta parkering. Dette må du heller ikkje ha smarttelefon for å kunne gjere. Fordelane med EasyPark sin parkofon er dei same som ved bruk av app.

For å kunne bruka parkofonen må du likevel ha registrert deg som kunde med EasyPark på førehand, med registreringsnummer og bankkort/vipps/mobilrekning på kontoen din. Viss du treng hjelp med å registrere deg med EasyPark kan du koma innom kontoret vårt for å få den hjelpen du treng.

For å starta parkering med EasyPark sin telefonmeny må du ringje til telefonnummer 03456.

Når du har ringt 03456 skal du
1. tasta inn takstsonenummeret og avslutta med #,
2. viss du har meir enn ein bil må du velje den bilen du har parkert med og avslutta med #,
3. og til slutt må du velje slutt tida for billetten: Tast # for å leggje inn så mykje tid som mogleg, eller tast inn klokkeslett og avslutt med # så bestemmer du sjølv når billetten skal stoppa.

Når du har gjort dette vil EasyPark stadfeste at parkeringa er starta.

Seinare kan du ringje det same nummeret for å stoppa, utvida, eller få repetert kor lenge billetten din gjeld.

Parkeringsautomat

Me tilbyr opplæring på kontoret vårt viss du har trong for det. Sjå kontaktinformasjon på botn av denne sida.
Målet vårt er at alle skal kunne vere med.

Det er fullt mogleg å bruka parkeringsautomatane våre. Dei tek i mot både mynt og kort. Når du betalar med kort får du høve til å stoppa parkeringa på same måte som du kan med parkeringsbrikka, og på den måten berre betala for den tida det faktisk er parkert. Har du spørsmål om parkeringsautomat eller ynskjer ein gjennomgang på korleis du brukar den med dei er det berre å kontakta oss.

Ikkje nøl med å ta kontakt. Terskelen skal vere låg.

Ring oss på telefon +47 924 45 539

Send e-post til post@vossparkering.no

Eller besøk oss på Voss i Uttrågata 23 A

Me avtalar tidspunkt for opplæring til å bruka ein eller fleire av desse tenestene.

Du finn og hjelp hjå EasyPark for bruk av deira tenester.

Ring EasyPark på telefon +47 23 30 88 80

Send e-post til EasyPark kundeservice@easypark.net

Besøk EasyPark sine heimesider og finn svar på enkle spørsmål du har til dei.