Parkeringsavtale

Informasjon om parkeringsavtale på Langebrua og pendlaravtale på Voss Stasjon.

Pendlarparkering parkeringsoblat voss parkering 1

Pendlaravtale på Voss Stasjon

Parkerer du på Voss Stasjon i forbindelse med pendling? Då kan du søkja om å få rett til å kjøpa månadsavtale for togpendlarar.

Pris: kr 100,- pr månad

Avtalen gjeld i ein månad frå den dato du sjølv vel. Avtalen vert fornya automatisk så lenge du har rett til pendlaravtale, eller til du seier opp avtalen sjølv.

Send søknad nedanfor, og kjøp avtale ved å logga inn nedst på sida når du har fått godkjend søknad.

Trykk her for å søkje (e-post)

Når du har fått godkjend søknad kan du logga inn nedst på sida for å kjøpa avtalen.

Du får rett til å kjøpa pendlaravtale på Voss stasjon i inntil 6 månadar frå godkjend søknad.

Pendlaravtale er ikkje nokon plassreservasjon, og forutset ledig plass på området.

Langebrua parkeringsoblat voss parkering 3

Månadsavtale for parkering på Langabrua

Ei rimeleg og enkel løysing for deg som parkerer ofte på Vangen. Betaling skjer månadleg.

Pris: kr 575,- per månad

Avtalen gjeld i ein månad frå den dato du sjølv vel. Avtalen vert fornya automatisk ved slutten av perioden til den vert sagt opp.

Logg inn nedanfor for å kjøpa avtale.