Køyretøyoppslag på parkeringsautomatane

Den 25. april 2023 var det innført oppslag mot det norske motorvognregisteret på parkeringsautomatane. Dette vil gjere det enklare for deg som brukar automaten å sjå at rett kjennemerke er tasta inn.

Foto automat
Foto automat skjerm motorvognreg

Er dette bilen din?

Når du skal betala parkeringsavgift må betalinga registrerast på det parkerte køyretøyet sitt kjennemerke. No når du tastar inn kjennemerket på automaten vil han spørre deg kva bilmerke og modell kjennemerket høyrer til. Då vert det enklare å oppdaga om det har vorte tasta inn feil kjennemerke før ein går vidare til betaling.

Hugs at det er førar av automaten som er ansvarleg for at rett kjennemerke er registrert. Ved å trykke OK på spørsmål om dette er din bil, har du sjølv bekrefta at nummeret som er tasta inn er rett. Sjå difor ein ekstra gang før du går vidare til betaling at kjennemerket, bilmerket og modellen som står på automaten stemmer med køyretøyet som er parkert.

Stikkord: kjennemerke, registreringsnummer, bilnummer, nummer, bilmerke, merke, bilmodell, modell