Parkeringsløyve for forflyttingshemma

Reglar og rettar knytt til bruk, og korleis ein går fram for å søkja om løyve.

Voss Parkering - Skiltplan

Parkeringsløyve gjev deg rett til å parkere i heile Noreg ...

... på plass reservert forflyttingshemma

Parkeringsplass reservert forflyttingshemma med parkeringsløyve er skilta med parkeringsskilt og symbol for forflyttingshemma. Ofte er skiltet kombinert med symbol i bakken, men det er skiltet aleine som bestemmer om plassen er reservert forflyttingshemma eller ikkje.

Der parkeringsskiltet er utforma som ein kvit P på blå bakgrunn, er det alltid gratis å parkere på slik reservert plass.

Der parkeringsskiltet er utforma som ein svart P på kvit bakgrunn kan det vere krav om å betala parkeringsavgift sjølv når ein parkerer på slik reservert plass. Dette skal vere tydeleg markert på skilt med symbol for forflyttingshemma og på informasjonsskilt på parkeringsområdet.

... på kommunal avgiftsplass utan å betala avgift

På parkeringsplass med krav om parkeringsavgift som er kommunal er det alltid gratis å parkere. Her er det viktig å skilja mellom kommunal plass og andre plassar, sjølv om det er andre offentlege einingar som eig området.

Der parkeringsskiltet er utforma som ein kvit P på blå bakgrunn er det alltid gratis å parkere. Parkeringsplass med krav om avgift skilta med slike skilt er alltid administrert av kommune, og er av den grunn kommunal uavhengig av kven som eig grunnen.

Der parkeringsskiltet er utforma som ein svart P på kvit bakgrunn kan det vere krav om å betala parkeringsavgift sjølv om ein har parkeringsløyve for forflyttingshemma. Undersøk informasjonsskilt på parkeringsområdet for å gjere deg kjend med eventuelt betalingskrav.

... dobbelt så lenge på plass med maks parkeringstid (med unntak)

På parkeringsplass med parkeringsskilt som gjev ei maksimal grense for kor lenge ein samanhengande parkering kan vara, kan den som har parkeringsløyve for forflyttingshemma stå i inntil dobbelt så lang tid som står opplyst om på skiltet.

Til dømes vil løyvet gje rett til å stå parkert i inntil 2 timar på same plass der det er opplyst om maksimum 1 time.

Løyvet gjev likevel ikkje rett til å parkere i lenger tid der skiltet visar maksimum 29 minutt parkering eller lågare.

Løyvet gjev heller ikkje rett til å parkere i lenger tid enn det som er opplyst om på skilt med både symbol for forflyttingshemma og maksimum tid, uansett kor lang tida er.

... på område der det er innført boligsoneparkering

Det er det innført boligsoneparkering kan den som har parkeringsløyve for forflyttingehemma parkere utan å måtte ha parkeringsløyve til den aktuelle boligsona.

Dette er ikkje relevant i Voss herad, men kan vere greitt å vere kjend med i større byar som Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Haugesund med fleire byar.

Når du skal bruka kortet ...

... skal det plasserast med framsida godt synleg bak frontruta

All informasjon på framsida av kortet skal vere fullt synleg for kontroll frå utsida av køyretøyet når du forlet køyretøyet.

Er kortet heilt eller delvis dekt til, eller har ramla ned på golvet, er det ikkje mogleg å finne ut om kortet er gyldig. Ein kan då risikera at det vert utferda kontrollsanksjon i samband med kontroll av køyretøyet.

Har ikkje køyretøyet frontrute, skal kortet plasserast på annan godt synleg måte.

Kva er eigentleg framsida og baksida av kortet?

Framsida av kortet er den sida med symbol for forflyttingshemma, gyldigheitsdato og serienummer.

Baksida er den sida med namn, bilete og signatur til den kortet høyrer til.

Kven kan bruka kortet?

Kortet er personleg. Det er altså berre den som har fått tildelt kortet, som kan bruka det i samband med transport av seg sjølv.

Har kortet vorte tildelt deg som førar, kan du berre bruka kortet når du sjølv er førar. Det er då ikkje høve til å nytta kortet som passasjer.

Har kortet vorte tildelt deg som passasjer, kan du berre bruka kortet når du er passasjer.

Slik søkjer du om parkeringsløyve ...

... som innbyggjar i Voss herad

Er du bilførar eller passasjer og har særlege problem med å ferdast over lengre strekningar, kan du søkje om parkeringsløyve for forflyttingshemma. Søknaden skal leverast elektronisk til Voss herad som vil handsama søknaden, og ikkje Voss Parkering. For å søkje må du nytta elektronisk søknadsskjema.

Det er ikkje nok å peike på ein sjukdomtilstand som avgrenser forflytningsevna. I tillegg må du også grunngje kvifor det vanlege parkeringstilbodet på eit eller fleire stader ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje behovet ditt. Parkeringsløyve er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning.

Følgjande dokumentasjon må ettersendast til Voss herad etter at søknad er sendt:

 - Legeerklæring som skildrar forflyttingshemminga
 - Passfoto, jfr. politiet sitt krav til passfoto

Om du har spørsmål i samband med, eller treng hjelp med utfylling av søknadsskjema kan du få hjelp til dette hjå innbyggjarservice i Voss tinghus.

Merk: Denne informasjonen var sist oppdatert 25.05.2023, og kan vere utdatert om dette er særs lenge sidan.

... som innbyggjar i ein annan kommune

Er du bilførar eller passasjer og har særlege problem med å ferdast over lengre strekningar, kan du søkje om parkeringsløyve for forflyttingshemma. For å søkje må du gjere dette i kommunen du bur i. Ta kontakt med kommunen din for meir informasjon.

Det er ikkje nok å peike på ein sjukdomtilstand som avgrenser forflytningsevna. I tillegg må du også grunngje kvifor det vanlege parkeringstilbodet på eit eller fleire stader ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje behovet ditt. Parkeringsløyve er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning.