Korleis betala for parkering
Parkeringsavgift kan du betala med betalingsapp frå Voss Parkering, EasyPay eller på parkeringsautomat.
Parkeringsavgift kan du betala med betalingsapp frå Voss Parkering, EasyPay eller på parkeringsautomat.
Voss Parkering og EasyPark tilbyr lettvinte løysingar for å betale parkeringsavgift! Voss Parkering sin eigen app er uten ekstra påslag. EasyPark tek normalt eit servicetillegg på 15 % av parkeringsavgifta (minimum kr 4,90) for bruk av deira tenester. For eit betre tilbud på servicetillegget, kontakt EasyPark på telefon 23 30 88 80.
Når du har opna opp appen kan du finne parkeringsplassen køyretøyet ditt står på i kartet, eller ved å skrive inn takstsonenummeret som du finn på automaten i nærleiken av parkeringsplassen. Velg riktig køyretøy og angi parkeringstid.
Last ned betalingsapp til din iPhone eller Android baserte smarttelefon og registrer deg som brukar av appen. Følg vegvisaren for komme i gang.
Les meir om Voss Parkering sin mobilapp
SMS tenesta kan nyttast uavhengig om du er registrert kunde hjå EasyPark eller ikkje. Du betalar då med telefonrekninga. Tenesta forutsetter at du har eit norsk mobilabonnement og at operatøren har støtte for belasting via Strex (mobilrekning) og at mobilabonnenten ikkje har slått av kostnadsbelagte SMS tenester. Ring din mobiloperatør om du er usikker på om ditt mobilabonnement kan nytta slik teneste.
Send melding til nummer 2410
Meldinga skal innehalde [Takstsonenummer] og [Køyretøyets registreringsnummer]. Hugs mellomrom mellom takstsonenummeret og køyretøyets registreringsnummer. Takstsonenummeret finn du på automaten i nærleiken av parkeringsområdet. Hugs på å skrive inn riktig registreringsnummer og takstsonenummer, feil registrering kan føra til kontrollsanksjon. Døme: 6300 AB12345
Når du har sendt meldinga får du stadfestande kvittering på at parkeringa er starta. Parkeringa vert starta med maksimal slutt-tid. Det er viktig å kontrollere at riktig køyretøy og takstsone er registrert.
Parkering starta med SMS løysing kan avsluttast med å sende STOPP til 2410. Parkeringa vert då avslutta frå det tidspunktet du sendte melding og prisen vert korrigert etter kor lenge parkeringa har vart.
Parkeringsavgift kan betalast på parkeringsautomat. Me nyttar eit bilettlaust system som koplar betaling av parkeringsavgift opp mot registreringsnummeret på det parkerte køyretøyet.
Trykk [Start parkering] på automatskjermen.
Skriv inn køyretøyets registreringsnummer. Førar som skal registrere køyretøy med personleg bilskilt må skrive inn det som faktisk står på køyretøyets skiltplate, og ikkje det opprinnelige registreringsnummeret. Ver merksam på at det er førars ansvar at riktig registreringsnummer er skrive inn. Fullfør inntasting med [OK].
Les over inntasta registreringsnummer og sjå at det er korrekt. Stadfest med [OK].
Vel betalingsalternativ ved å trykke på [Kort] eller [Mynt].
Vidare forklaring nedanfor.
Trykk på [Kort].
Set inn ynskja bankkort. Me godtek VISA kort, MasterCard og div. andre utanlandske kort.
Vel tid med pil opp eller ned. Automaten legg inn ein time automatisk som eit utgangspunkt.
Stadfest ynskja p-tid med [Kjøp] og vent til kjøpet vert fullført.
Ta ut kortet.
Automaten gir beskjed om at parkeringa er registrert med ei ✔ grøn hake.
På sluttskjermen kan du få kvittering for reservasjonen ved å trykke [Trykk for kvittering]. Dette er ikkje ein gyldig parkeringsbillett, men kan nyttast som ein hugselapp. Denne kan ikkje nyttast som bilag til rekneskap.
Det er mogleg å avslutta parkeringa tidleg om du skulle ha tid til overs på automatkjøpet. Trykk [Avslutt parkering], sett inn bankkortet og trykk [OK] ved spørsmål om du ynskjer å avslutta parkeringa. Prisen vert då redusert tilsvarande tida som ikkje vart nytta, og du betalar berre for tida du har stått parkert. Du kan trykke [Trykk for kvittering] for å få kvittering for kjøpet som kan nyttast som bilag til rekneskap.
Trykk på [Mynt].
Auk ynskt parkeringstid ved å leggje på mynt. Fullfør registreringa med [Kjøp]. kr 1 = 4 min, kr 5 = 20 min, kr 10 = 40 min, kr 20 = 1 time 20 min. Desse beløpa gjeld berre for takstsonane som har kr 15 per time.
På sluttskjermen kan du få kvittering for kjøpet ved å trykke på [Trykk for kvittering]. Dette er ikkje ein gyldig parkeringsbillett, men kan nyttast som ein hugselapp og som bilag til rekneskap.