Voss Parkering AS
 
Vossapark  

Parkeringshuset Vossapark.
VossaPark er eit døgnåpent parkeringshus og har plass til  288 bilar. Max takhøgde er 2,25 meter.
P-huset ligg i Lekvemoen 5, sentralt i sentrum ved Statoil stasjonen. 
 
Takstane i Vossapark er kr 15,- pr time og kr 40,- pr døger.
 
Du kan betala med Eurocard, Mastercard, og Visa. Det er montert ein kontant-/kortautomat  ved heisen ved utgang Uttrågata 23A, og ein kortautomat i 3. etasje ved utgang mot vidaregåande skule.

Kjem du frå vest vert  innkøyringa til Vossapark ved Statoilstasjonen. Utkøyring i kryss Lekvemogata/Uttrågata ved Sparebanken Vest. Kjem du frå aust køyrer du også inn her.
Det er direkte utgang for gåande gjennom Forretningsbygget i Uttrågata 23A .

Vossapark er bygd tett inntil Vangen skule.
Taket på p-huset er tilbakeført til skuleplass og offisiell opning var ved skulestart 17. august 2015

Byggeperioden varte i 15 månader og har ein kostnad på 86 mill
Det offisielle opninga av  "Vossapark" var den den 8. juli 2015

Snorklypping  Fyrste bil inn

EL Bilar
Ladestasjon for EL bilar.
 
VossaPark har montert 8 ladestasjonar. 4 av dei er montert rett innafor inn-/utkøyringsbommen i første etasje. Dei 4 andre er montert rett over i andre etasje. Dei ladar med 3,6 kw/t, og prisen er kr 8,00 pr t. 

Du må benytta eigen ladekabel Mode 3Type2 etter den nye EU standarden for slik lading. Betaling ved bruk av kreditkort. Følg bruksanvisning ved automat.

Prisar for parkering i Vossapark.
Verdikort - Key Card:
Dette er eit tilbod til kundar som ynskjer ein lettvint måte å køyra inn og ut av Vossapark på. Du berre «viftar» med kortet ved billettsøyla ved inn- og utkøyring, og bommen opnar seg automatisk.

Eit Verdikort KeyCard er eit plastkort som er fylt opp med kr 1000,-. Ved innkøyring vert kortet registrert og verdien på kortet kjem opp i displayet. Bommen opnar seg - køyr inn. Ved utkøyring held du kortet opp føre utkøyringssøyla - kortet vert trekt for den tida du har stått parkert. Beløpet kjem opp i displayet, bommen opnar seg og du kan køyra ut.

Påfylling av kort kan gjerast i betalingsautomaten ved heisen 2.etg, eller ved kontoret til Voss Parkering As. Spør betjeningen om du er i tvil.

Verdikort - Papirformat.
Det finns verdikort pålydande kr 500,- , og kr 1000,- som du kan få kjøpt i betalingsautomaten ved heisen i 2. etg.
Trykk på knappen for Verdikort, og fylg instruksjon på skjermen.
Betal i automaten med kredittkort.

Ved innkøyring set du Verdikort inn i automaten ved innkøyringssøyla og bommen opnar seg automatisk.Obs. Husk å ta med kortet når du køyrer inn.
Ved utkøyring set du Verdikortet inn i automaten ved bommen ved utkøyringssøyla. Verdikortet vert belasta og bommen opnar seg automatisk. Obs. Husk å ta med kortet.

Opplysningar om beløp/restbeløp vil koma opp i displayet i automaten ved utkøyringssøyla.
Påfylling eller ved kjøp av nytt kort kan gjerast i betalingsautomaten ved heisen 2.etg,

Abonnementskort:
Langtidsabonnement måndag - fredag:Pris kr 800,- pr mnd.
Her inngår du ein skrifteleg avtale med Vossapark om langtidsparkering. Sjå vilkåra og skjema på framsida.
Avtalen gjeld måndag - fredag. Unntatt er helg, bevegeleg heilagdagar og offentlege høgtidsdagar. Avtalen gjeld frå kjøpsdato og til den vert skrifteleg oppsagt. Kunden vert fakturert i henhold til avtale. 
 
Avtalen inneber at du må ha eit KeyCard. Dette kortet kostar kr 125,- inkl mva, og er ein eingonsbetaling ved inngåelse av abonnementet.
Ved innkøyring held du kortet opp framføre innkøyringssøyla. Bommen vil då opna seg automatisk. Ved utkøyring gjentar du same prosedyre.
 
Med dette abonnementet kan ein køyra inn og ut så mykje ein vil innanfor perioden uten at det kostar ekstra.
Perfekt tilbod for dei som arbeider i sentrum, og som ynskjer å stå trygt og tørt under tak.

Langtidsabonnement 24/7: Pris kr 1000,- pr mnd,
Her inngår du ein skrifteleg avtale med VossaPark om langtidsparkering. Sjå vilkåra og skjema på framsida.
Abonnementet gjeld 24/7 - 365 dagar i året.  Abonnementet er gyldig frå kjøpsdato og gjeld til det vert skrifteleg oppsagt. Avtalen inneber at du må ha eit KeyCard. Dette kortet kostar kr 125,- inkl mva, og er ein eingongsbetaling ved inngåelse av abonnementet.
 
Med denne avtalen kan du køyre inn og ut av Vossapark fleire gonger kvar dag utan at det kostar ekstra.
Ved innkøyring held du kortet opp forran  automaten ved innkøyringssøyla, og bommen opnar seg automatisk, Ved utkøyring gjentar du same prosedyre ved utkøyringssøyla.
Perfekt tilbod til dei som bur i sentrun, og ynskjer ein garasje å parkera i. Godt tiilbod til bedrifter og andre som har behov for sentrumsnær parkering kvardagar og helgedagar
 
Konferansekort: Papirformat.
Konferansekort er berekna på dei som gjerne er på Voss ei kortare tid, gjerne ein weekend eller for dei som er på konferanse og vil parkera i Vossapark.
Konferansekortet kan kjøpast  betalingsautomaten ved heisen i 2 etg, eller på kontoret til Voss Parkering As
Kortet er gyldig i 3 døgn.
Med konferansekort kan du køyre inn og ut av Vossapark fleire gonger kvar dag utan at dette kostar ekstra.
Ved innkøyring set du konferansekortet inn i automaten ved innkøyringssøyla og bommen opnar seg automatisk.
Ved utkøyring set du inn konferansekortet i automaten ved utkøyringssøyla. Ta kortet og bommen opnar seg automatisk.
Perfekt for kundart til konferansar, eller kundar som er på Voss for kortare tid og ynskjer ein garasje å stå i.
 
Tapt parkeringsbillett:
Pris: Minimum kr 100,- for billett + den tid du har stått parkert.
Dersom du mister parkeringsbilletten og ikkje kjem deg ut med bilen kan du kjøpa ny parkeringsbillett. Trykk på calling knapp på betalingsautomat i gangen ved heisen 2 etg, og følg instruksjon frå betjening.

Nyttig Info

|

Uttrågt. 23A
|

5700 VOSS
|

Tlf. +47 924 45 539
|

parkering@voss.kommune.no
        Rediger