Stasjonsgarasjen
Parkering i Stasjonsgarasjen frå 13.05.2022 |
1. Port står fysisk open kvar dag frå kl 05:00-19:00 (porten står i open
stilling)
2.
Frå
kl 19:00-01:00 er porten nede/lukket, men åpnes ved sensor utenfra for innkjøring til parkeringsanlegget.
3.
Frå
kl 01:00 - 05:00 er Garasjen/Porten stengt for innkjøring. Alternativ parkering er å nytta parkeringsplassen til Voss Stasjon,
Gullfjordungsvegen.
4.
Skal
ein køyra ut mellom 01:00 - 05:00 kan ein gå inn døra ved siden av porten ,
hente bilen sin, og kjøre ut som normalt. (sensor for port ved utkjøring
er på heile døgnet)
5.
Dør
ved siden av port er åpen for inngang/utgang heile døgnet, slik at ein uansett
tid på døgnet kan hente bil ein har parkert.
|
Stasjonsgarasjen opna den 1. februar 2022 |
Parkeringshuset "Stasjonsgarasjen" i Gurid Almenningens plass 1 i Voss Knutepunkt Næringsbygg, kjend som "Knutepunktet" vart formelt opna og sett i drift den 1. februar 2022 kl 13:30.
Stasjonsgarasjen er opent for ålmenta. Det betyr at kven som helst kan parkere her, sjølv om dei ikkje har tilknytning til Knutepunktet.
📍 Kor finn eg Stasjonsgarasjen?Du finn Stasjonsgarasjen i "Knutepunktet Voss", med adresse Gurid Almenningens plass 1 Sjå kart med køyrepiler og landemerke som forklarar vegen til og frå Stasjonsgarasjen:
💰 Kva kostar det?Prisinformasjon | Eks. mva. | mva 25% | Inkl. mva. | Pris pr. time (opp til 6 timar 20 minutt) | kr 24,00 | kr 6,00 | kr 30,00 | Pris pr. døger (over 6 timar 20 minutt) | kr 152,00 | kr 38,00 | kr 190,00 | Parkeringsavtale ein månad (privat og bedrift) | kr 1560,00 | kr 390,00 | kr 1950,00 |
📅 Når kostar det?Prisane gjeld alle dagar, inkludert søndag og helgedagar, heile døgnet. Krav om betaling gjeld og for innehavarar av parkeringsløyve for forflytningshemma.
⌚ Kor lenge kan eg parkere?Det er inga grense for kor lenge ein motorvogn kan stå parkert, så det kan du sjølv tilpassa.
💭 Kva må eg gjere?Du treng ikkje gjere noko når du køyrer inn i garasjen, utanom å parkere bilen og eventuelt sette i gang EasyPark (sone 6322) om du nyttar det. Stasjonsgarasjen er utstyrt med ANPR kamera som les av skiltnummer på motorvognen, og reknar ut kor lenge motorvognen har vore i parkeringshuset når den forlet garasjen. Å betale gjer du når du skal forlate garasjen. Les nedanfor om betaling.
🅿 Korleis betaler eg parkeringsavgifta?Betaling for parkeringa vert gjort ved utkøyring. Me har følgjande alternativ for betaling: - 🏧 Betalingsautomat på bakkeplan med debet- og kredittkort, mynt og kontaktlaus betaling (må gjerast før utkøyring. Automaten står ved inngangsparti til Knutepunktet)
- 📲 EasyPark kamera registrering sone 6322 (vert belasta automatisk ved utkøyring) få hjelp med kamera registrering i EasyPark her
- 📩 Ettersendt faktura [+ fakturagebyr] (vert fakturert motorvognens eigar etter utkøyring ved manglande betaling)
- 🤝🏻 Parkeringsavtale (kan kjøpast i kundeportalen: [privatkunde] [bedriftskunde])
🤝🏻 ParkeringsavtaleOm du/bedriften parkerer mykje i Stasjonsgarasjen, kan du vurdere å kjøpe parkeringsavtale. Merk at denne avtalen ikkje er ein plassreservasjon, og føreset at det er ledig plass i garasjen.
Avtala koster kr 1 950,00 inkl. mva pr månad, og gjev rett til fri parkering ut månaden avtala gjeld for. Lading av ladbar motorvogn er ikkje inkludert og vil koma i tillegg. Avtala fornyast automatisk fram til han vert sagt opp.
For privatperson skjer betaling med kortbetaling på nett. BankID kan vere naudsynt for å leggje inn kort.
For bedrift vert faktura sendt til oppgjeve fakturaadresse, e-post eller EHF. Faktura vert sendt etter månadsskifte.
♿ Reservert forflytningshemmaDet er 6 plassar reservert for forflytningshemma med parkeringsløyvekort synleg i frontrute. Det er 4 plassar i bakkeplan nær inngangsparti til Knutepunktet og porten til Stasjonsgarasjen, og 2 plassar i underetasjen nær inngangsparti til Knutepunktet. I Stasjonsgarasjen er det også betalingsplikt for innehavarar av slikt kort, men med rett til å stå på slik plass.
⚡ Reservert ladbar motorvogn og lading av bilDet er 15 plassar reservert for ladbar motorvogn under lading som har sine eigne ladepunkt. Alle plassane er på bakkeplan, til venstre for porten. Lading og betaling for ladinga skjer via EasyPark app, og prisen kjem i tillegg til parkeringsavgifta. Få hjelp med lading av ladbar motorvogn i EasyPark her
Pris for lading av elektrisk motorvogn | Eks. mva | Mva 25% | Inkl. mva | pr. minutt | kr 0,32 | kr 0,08 | kr 0,40 | pr kWh | kr 2,40 | kr 0,60 | kr 3,00 |
Stasjonsgarasjen vert drifta av Voss Parkering Vest AS Uttrågata 23 A 5700 VOSS org.nr 926 113 445 stasjonsgarasjen@voss.herad.no +47 924 45 539
|
|
|
Nyttig Info
|
Nyttig Info
Stasjonsgaragen