Lovverk og parkeringsreglar

Detaljert informasjon om lover, reglar og forskrifter knytt til parkering og trafikk.

  • Voss Parkering - Skiltplan

Skiltplanar

Detaljert informasjon om skiltplanar frå kvar enkelt parkeringsplass, i form av bilete, kart og vilkår finn du på Vegvesenet sine sider.

Informasjon om vilkårsparkering

Jfr. Parkeringsforskriften av 18.03.2016 nr 260

Førar sine plikter

1. Parkering må skje i tråd med oppmerking/skilting (§ 24, 1. lekk)

2. På avgiftsplassar må betaling skje straks etter parkering (§ 31, 2. lekk), sjå vilkår ved betalingsautomat. Eventuell billett må plasserast godt synleg bak frontruta. Har motorvogna ikkje frontrute, skal billetten plasserast på ein annan godt synleg stad (§ 31, 2. lekk). Det same gjeld dersom det er stilt krav om billett frå automat som oppgjev tidspunkt for når gratisparkering går ut (§ 24, 3. lekk).

3. Ved parkering på reservert plass må gyldig p-løyve plasserast som nemnt i pkt. 2. Dette gjeld også plassar reservert for forflytningshemma med kommunalt p-løyve. Forflytningshemma med kommunalt p-løyve parkerer gratis på parkeringsområde regulert med trafikkskilt etter Skiltforskriften av 07.10.2005 nr. 1219.På område regulert med skilt etter Parkeringsforskriften av 18.03.2016 nr 260, vedlegg 1, sjå eiget informasjonsskilt for det særskilte parkeringsområdet.P-løyve for forflytningshemma må plasserast som nemnt i pkt. 2.

4. På område med tidsavgrensa p-tid og krav om bruk av parkeringsskive skal førar straks etter at motorvogna er parkert, stille visaren på parkeringsskiva på det tidspunkt motorvogna vart parkert, eller på det tidspunktet reguleringstida igjen startar dersom motorvogna vert parkert utanfor regulert tid (§ 24, 2. lekk).

 

Sanksjonar ved brot på førar sine plikter

Ved parkering i strid med forskrifta sine bestemmelsar vert det normalt utferda ein kontrollsanksjon på kr 660. For overtredelse av vilkåra for parkering på plassar reservert for forflytningshemma er kontrollsanksjonen kr 990. Dersom det ikkje vert trekt billett for tidsavgrensa gratisparkering, eller det vert parkert uberetta på plassar reservert kunde, besøkjande eller gjest, er kontrollsanksjonen kr 330. (§ 36). Feilparkerte køyretøy kan om naudsynt verta fjerna for eigar/førar si rekning (§ 38). Spørsmål i samband med kontrollsanksjonar og fjerning av motorvogn kan rettast til verksemda.

 

Klage

Utferda kontrollsanksjon eller påførte kostnader ved fjerning kan påklagast til verksemda innan 3 veker frå ilagt dato (§ 44). Meir informasjon og klageskjema finnast her på vår klageside.