Klage på ilegging

Du som førar eller eigar har rett til å klaga på utferda parkeringsgebyr eller kontrollsanksjon. 

 

Hugs at fristen for å klage er tre veker etter at ilegginga fann stad.

Ilegging_blankett

Du får normalt ikkje medhald dersom du:

Tastar feil registreringsnummer i automaten

Når ein betalar parkeringsavgift på automat på Voss, skal betalinga registrerast på det køyretøyet som vart parkert. Den som brukar automaten vil få spørsmål om kjennemerket og bilmerke og modell er rett, noko som må stadfestast med OK knapp før ein kjem vidare til betaling. Det er difor avgjerande for utfallet i saka at kjennemerket var registrert korrekt under tidspunktet for kontroll. Det vil ikkje vere nok å kunna visa til at betaling vart gjort til eit anna køyretøy etter at kontrollsanksjonen har vorte utferda.

Vel feil bil/takstsone i EasyPark-appen

Når ein betalar parkeringsavgift med EasyPark, skal betalinga registrerast på det kjøretøyet som vart parkert, og at rett takstsone/parkeringsområde er registrert. Den som brukar appen vil ha moglegheit til å kontrollere at rett informasjon er oppgjeve før, og etter at parkeringa er starta. Det vil difor vere avgjerande at rett informasjon var registrert i tidsrommet køyretøyet vart kontrollert. Det vil ikkje vere nok å kunna visa til at betaling vart gjort til eit anna køyretøy eller ein annan sone etter at kontrollsanksjonen har vorte utferda.

Betalte for seint

Kravet er at betalinga skal vere gjort med ein gang køyretøyet er parkert, og for heile den tida køyretøyet er parkert på avgiftsplass. Det vil difor vere avgjerande for utfallet i saka at betalinga var gyldig i tidsrommet køyretøyet vart kontrollert. Det vil ikkje vere nok å kunna visa til at betaling vart gjort etter at kontrollsanksjonen har vorte utferda.

Sto parkert etter at betalinga gjekk ut

Kravet er at betalinga skal vere gyldig heile den tida køyretøyet står parkert. Det vil difor vere avgjerande for utfallet i saka at betalinga var gyldig i tidsrommet køyretøyet vart kontrollert. Det vil ikkje vere nok å kunna visa til betaling som vart gjort før og/eller etter kontrollsanksjonen var vorte utferda.

Parkerte på plass reservert forflyttingshemma utan gyldig løyve godt synleg bak frontruta

Kravet for å parkere lovleg på plass reservert forflyttingshemma er at gyldig kommunalt løyve for forflyttingshemma er plassert med framsida godt synleg bak frontruta, slik at heile gyldigheitsdatoen og serienummeret enkelt kan lesast frå utsida av køyretøyet. Utan godt synleg og gyldig løyve er det berre lovleg å stanse kortast mogleg for av- og påstiging. Det er ikkje tillete å drive med av- og pålessing på slik plass. Kan du i seinere tid dokumentere at du har gyldig parkeringsløyve, og det var du som var førar eller passasjer denne dagen kan kontrollsanksjonen reduserast til normalsats.

Sto parkert over maks p-tid

Det er ikkje tillete å parkere i lenger tid enn det som er opplyst om på trafikkskilt. Skal ein ha høve til å parkera utover denne tida må det søkjast om fritak frå maks parkeringstid jfr. parkeringsforskriften § 28.

Sto parkert over to, eller fleire felt

Voss Parkering - Klage

Lever klage via ileggingsportal 

Den enklaste måten å levere klage på. Her finn du òg meir detaljert informasjon om ilegginga.

For å logga på treng du:

  • Registreringsnummer til kjøretøyet ditt
  • Ileggingsnummer (saksnummer), som du finn på den gule blanketten frå Voss Parkering.

 

Frist for å klage: Tre veker etter ilegging.

Elektronisk klageskjema finn du her → 

Alternativ: Sende klage med posten

Om du ikkje vil eller kan bruka ileggingsportalen kan du levere klage i fysisk format, via post.

Du kan skriva klagen på eit tomt ark, eller du kan bruke vårt klageskjema. 📄 Hent klageskjema her

Brevet skal addresserast til Voss Parkering AS, Uttrågata 23 A, 5700 Voss, eller du kan levera det sjølv i postkassa på motsatt vegg utanfor kontoret vårt.

Klagen skal innehalde:

Namn på klagar

Postadresse til klagar, inkludert postnr. og stad

Saksnummer

Motorvognens registreringsnummer

Grunngjeving for klagen

Eventuelle vedlegg

Eventuelt e-post adresse om elektronisk svarbrev er ynskt